Snart sesongstart!

Etter ein lang vinter nærmar det seg ein ny sesong. Mange er midt i båtpussen og arbeidet med langbrygga har kome godt i gang . Regattakurset tek til onsdag 24. april kl. 18. Maritim i Sørlandsparken inviterer til kundekveld torsdag 25. april kl. 18-20. Sjøsetting av dei store båtane på Bredalsholmen skjer med kranbil måndag 29. april. Vårserien startar onsdag 8. mai med påmelding her

Regattakurs våren 2024

Kurset gjennomførast på onsdagar med to teorikveldar; 24. april (reglar) og 1. mai (trim) kl. 18-20. Deretter vert det onsdagsregatta ut juni (8 dagar), med samling etter målgang. Det nyttast like båtar (Yngling) for best læringsutbyte; ein instruktør og to deltakarar i kvar båt. Kurset kostar 500,- for medlemmar og 1.000,- for andre, medlemskap VSF 2024 kostar 600. Ingen krav til forkunnskapar, men ein må vera i rimeleg god form til å hengja på ripa. 15 år og eldre. Påmelding til Ronny 97970158.

Medlemskontingent 2024

Betalingskrav er send ut 8. april med forfall måndag 22. april 2024. Fakturaen skal koma automatisk inn i din nettbank.

Arbeid med langbrygga pågår

15 % av dekket og 40 % av skruvane vart fjerna i påsken. Resten er overlaten til profesjonelle. Dei starta måndag 8. april og skal vera ferdige i april. Eikeplankar som ikkje er fjerna går til Jonsokbålet på Flekkerøya.

Årsmøtet for 2023 var onsdag 6. mars 2024

Saksliste, årsmelding, rekneskap/budsjett og protokoll finn du her.

Ekstraordinært årsmøte fredag 22. september 2023: Utskifting av langbrygga

Etter premieutdeling for sesongen, vart det gjennomført eit kort årsmøte. Styret orienterte om situasjonen og bad om godkjenning for gjennomføring av prosjektet i haust/vinter. Kostnaden er kalkulert til 350.000. Det er søkt om økonomisk støtte, men uansett kan prosjektet gjennomførast med eigne middel. VSF har fått ein svært god pris på materialar frå Marnar Bruk (Royal impregnert, upigmentert), mot at brygga får deira namn. Riving av den gamle brygga skjer på dugnad. Årsmøtet godkjende framlegget frå styret utan innvendingar.

Haustsesongen 2023

Onsdagserien vart avslutta med finale fredag 22. september. Litt tynt oppmøte nokre onsdagar, men det har delteke fleire båtar enn dei 15 som var registrert. Byte til APH tabellen gjorde at alle har fått høgare NOR-rating tal enn i vår. Tempo var like suverene i høg klasse, men i låg klasse var det tett heilt til siste målgang.  Her vart det delt 1. plass mellom Rabalder og Soling1, 18 sekund føre Ylva. Det gjorde at Rabalder vann samanlagd eitt poeng framfor Ylva. Barolo og Kristina hadde same poengsum i kampen om 3. plass, men Kristina vann premien med sin spiker i nest siste løp. Premieutdelinga for heile sesongen vart gjennomført etter målgang siste regattadag.

Bøddelen laurdag 9. september vart ein flott siglas for 15 deltakarar frå Mandal til Lillesand. Det starta grått på lens vestover og klarna opp til ein flott sumardag på kryssen attende. Den skiftande brisen løya godt mot målgangen. 

 Resultata for sesongen og anna historikk finn du her.

Gjestehamn på Bredalsholmen

Langbrygga er tilgjengeleg for gjester i skuleferien. Prisane er 100 kr. for kvar natt under 30 fot, 150 kr. for 30-39 fot og 200 for 40 fot eller meir. Betal med Vipps til #139160 Vågsbygd Seilforening og oppgje overnattingar og seglnummer.  Det er ikkje tilgang på landstrøm eller vatn. Brygga har nokre dårlege bordgangar og ein må visa litt varsemd. 

Vårsesongen 2023

Onsdagsserien er fullført med "finale" 28. juni. Diverre litt dårleg oppmøte med berre åtte båtar av 19 påmelde. Som tidlegare fekk ein godt betalt for trufast deltaking samanlagt. Tempo vann høg klasse ganske suverent, men i låg klasse var det tett i toppen. Ynglingen Yme vann eit poeng føre Expressane Onkel og Rabalder. 

Flødeseilasen 3. juni 2023 vart ein strålande seglas til Lillesand med 34 startande båtar. Alle klubbane frå Arendal til Mandal var representert. For meir informasjon sjå Facebook,

Ynglingprosjekt 2023-26

Grunnlaget for prosjektet er at VSF hausten 2022 fekk to Ynglingar frå SiA/UiA mot henting. Det vart ein større jobb å få båtane seglklare og dei kom ikkje på sjøen i 2023. I 2024 er planen at dei skal brukast til seglkurs og at me får med oss fleire båtar. Det langsiktige målet er VM på Askøy utanfor Bergen 1-8. august 2026, og då vonar me fleire Ynglingar frå Kristiansand stiller.  Og aller helst eit ungdomslag. For meir informasjon sjå Facebook: Yngling Kristiansand.

Yngling har lange tradisjonar i Kristiansand. Det fyrste offisielle VM vart arrangert her i 1979 og CSF har arrangert omlag 10 NM for klassen, seinast i 2011. No er det registrert 13 Ynglingar rundt omkring i byen og målet er å samla så mange som mogleg på Bredalsholmen i regattasesongen. 

Kvifor Yngling? For det fyrste finst det nok av båtar i byen og dei fleste i seglmiljøet kjenner båttypen. For det andre er ein Yngling rimeleg i drift, og krev ikkje for mykje mekking/vedlikehald. For det tredje kan han siglast med to eller tre personar i regatta, og det opnar for mannskapskombinasjonar på tvers av alder, generasjonar, kjønn, styrke og vekt. For det fjerde gjev Ynglingen stor seglglede pga. lågt fribord, fysisk segling og gode segleigenskapar. Dessutan er han eit vakkert syn frå alle vinklar og perfekt for opplæring.

For dei som vurderer å kjøpa ein Yngling kan det vera fristande å kjøpa ein OL Yngling frå 2000-talet, men det vil vera øydeleggjande for det lokale miljøet. Kjøp heller ein eldre båt, og ta oppussinga som eit felles prosjekt for fleire; sameige. For meir informasjon ta kontakt med Ronny. 

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang